Havfiskeflåta – Forindustrien – Oppdrettsnæringa – Eit hemmningslaust forbruk

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Bruken av industrifisk via ein omveg som laksefor er ressursvennleg seier forindustri og oppdrettsnæringa. Fleire sentrale fiskeriforskarar og økologar i Norge er heilt ueinige i det, men slike meiningar vert ofte marginaliserte i det offentlege rom, av dei som handhevar den økonomiske makta i vår vekstøkonomiske kvardag. Sjøfuglbestandane langs kysten er i ferd med å kollapse seier fleire erfarne feltornitologar med base på stader som: Rott, Røst Runde Lovund og Ekkerøy. Bestanden av lomvi er redusert med 90 – 95 % på 15 år.

Krykkjebestanden er redusert med 75 %. Dette er i det same tidsrommet kor næringa har auka tamlaksproduksjonen radikalt. Liknande nasjonal nedgang i bestandar finn ein og for sjøfuglar som teist, alke raudnebbterne og makrellterne. Noko drastisk skjer med dei marine økosystema. Sjølv om ein tek høgde for naturlege prosessar som alltid vil regulere bestandar, må ein sjå på menneskeskapte faktorar, for å finne årsak – verknad i det mangfaldige puslespelet ute i naturen. Naturen utryddar ikkje sine tilpassa bestandar av fisk eller fugl. Ein fuglefjellsart som alkefuglen lomvi er ein rein næringsspesialist. Lomvien er nisjetilpassa gjennom langvarig evolusjon inn i ein finstilt samanheng som fungerar sjølvgåande og repeterande i utgangspunktet. Tobis eller storsil er ein mindre fiskeart som lomvien er heilt avhengig av for å kunne overleve. I likheit med andre småfiskartar som småsil, øyepål og kolmule vert tobis overbeskatta på eit ikkje -bærekraftig nivå.

Havforskingsinstituttet sin statusrapport synleggjer eit markant krakk i dei fiskeslaga som det vert overfiska bevisst på til bruk i forindustri og oppdrettsnæringa. Eit slikt fiskeri vert og negativt for folk langs kysten, fordi overfiske på artar som står lavare i den marine næringskjeda rammar matfatet til torsken som står høgare i den same kjeda. Hobbyfiskaren si tradisjonsdrift og næringsvegen for kystfiskaren vert på sikt svekka.

Både fiskeråstoff og soya vert mindre bærekraftige produkt omdanna til tamlaksfor Norges Sildesalslag registrerte i 2009 ei omsetning av 80.000 tonn vårgytande sild som gjekk til fiskemjøl og fiskeolje. Fattige kunne ha fått ein helsemessig gevinst av råvara i staden. Naudstilte ungar kunne ha fått livsviktige protein og vitamin av eit slikt førsteklasses råstoff. Bellona seier at ein må bruke 2,52 kg villfisk for å kunne produsere 1 kg tamlaks. Nokre i oppdrettsnæringa seier 1 kg råfisk pr produsert kg. Nokre fiskeriforskarar og økologar hevdar att 4,25 kg råvare går med. Mengda på 2,52 kg frå Bellona si side samsvarar med forprodusenten Skretting sitt reknestykke. Bruken på 2,52 kg gjeld vel å merke ved produksjon av fiskeolje og ikkje ved bruk av fiskemjøl.

Ved ei omlegging i økologisk retning vil havbruksnæringa måtte bruke avfallsprodukt – avskjær. Ved å bruke fiskemjøl kjem ein noko betre ut reint forbruksmessig. Soyabruk som alternativ forressurs til oppdrettsnæringa vert og forsvart som miljøvennleg ressursbruk samanlikna med landbruket sitt bruk av korn til oppforing av fjørfe og gris. Det er lite tvil om att bruk av korn til dyrefor er lite bærekraftig bruk, men bruken av soyaprodukt som komponent i fiskefor for å erstatte fiskemjøl og fiskeolje er heller ikkje uproblematisk. Ein storstilt soyaproduksjon hindrar at fruktbart jordbruksland vert nytta til si absolutte primæroppgåve som bør vere å brødfø ei trengande befolkning ute i verda. Soyaproduksjon i Brasil skadar og til dømes regnskogen som inneheld enorme mengde vegetabilsk mangfald til potensiell uutforska nytte næringsmessig og medisinsk for mennesket på globalt nivå. Det er vel heller ikkje normalt i ein fiske og krepsdyretande rovfisk som laksen sin livssyklus å verte omdanna til vegetarianar, fordi ei næring leitar etter eit tvilsamt miljøalibi til å forsvare eit markant overforbruk med.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar, Bernt Gjelsten

Bernt Gjelsten er leiar i Naturvernforbundet i Vestnes, han har telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen