Helikopter i Eikesdalsvatnet landskapsvernområde
Naturvernforbundet klagar på eit vedtak i Dovrefjell nasjonalparkstyre som har gitt løyve til helikopterflyging for filming av basehopping.
Naturvernforbundet er kritisk til nasjonalparkstyret sin argumentasjon om at denne typen aktivitetar representerer ein positiv marknadsføring av verneområde og naturkvalitetane der.
29. juni 2016 fekk Naturvernforbundet medhald i klagen.