Helikopterflyging i Ørsta – Stålsberghornet bør få sleppe

Naturvernforbundet har fått til høyring ein søknad om helikoptertur til Stålsberghornet. Bakgrunnen er ei nittiårfeiring.

Naturvernforbundet rår frå at det blir gitt løyve til flyinga. Grunngjevinga er prinsipiell:

Det finst fleire tilnærmingsmåtar i ein sak som dette.

1. Er det tale om nyttetransport? Svaret må nok vere nei. Dette må reknast under fritidsføremål, og då er det ikkje mykje rom for å kunne gje dispensasjon.

2. Viss det skal gjevast dispensasjon, må grunngjevinga knytt til føremålet vere slik at det er berre nokre få som fyller krava til å få dispensasjon. Kor mange er det som blir 90 år, eller 80 eller 75 eller noko anna, og ikkje lenger kjem seg dit dei vil? Det er i alle fall for mange til at viss alle som vil skal få lov så er det greitt av alle andre omsyn.

3. Kor mange er det som er knytt til ein bestemt fjelltopp? Også det kan bli mange.

4. Kor mange avisreportasjer kan det bli tale om i slike høve? Også det kan nok bli ein del.

Dessutan er det sjølvsagt nokre vurderingar knytt til staden med omsyn til mellom anna fugleliv.

Sjølv om tanken bak er aldri så snill og god og i det heile tatt, så er avgjersla i denne typen saker eit spørsmål om alle skal kunne gjere det dei har lyst til, eller om det er noko som ikkje går an.

Naturvernforbundet ber om at det blir sagt nei til denne søknaden. Det er viktig at deler av naturen får vere i fred for ein del typer menneskeleg aktivitet. Motorferdsle får prege ein såpass stor del av våre areal at det må gå ei grense, og då fell denne søknaden utanfor det som det kan gjevast løyve til.

Det bør elles vere mogleg å få seg ein fin og minnerik tur i Hjørundfjorden utan å lande på Stålsberghornet.

Øystein Folden er leiar av Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. Han kan kontaktast på telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Ørsta kommune

Søknad om helikopterflyging