Helikopterløyve i samband med bygging av Kyrkjevollgropa småkraftverk i Ørsta

Epostkorrespondanse med Ørsta kommune 28. august 2008.

Når løyve til bygging alt er gjeve så er det naturleg at bygginga blir gjort med helikopter i dette høvet. Naturvernforbundet har difor ikkje merknader til denne søknaden.

Vi går ut frå at rovfugl og yngletid er eit tema kommunen passer på viss det er behov for helikoptertransport eller anna verksemd på våren.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

—– Original Message —–

From: magnar.selbervik(a)orsta.kommune.no

To: Øystein Folden

Sent: Thursday, August 21, 2008 1:03 PM

Subject: Søknad om landing av helikopter – Kyrkjevollgrova småkraftverk



Legg også ved eit oversiktskart som viser lokaliseringa av Kyrkjevollgrova, som kjem ned på Rebbestad i Follestaddalen.


Småkraftverket er handsama som dispensasjonssak frå kommuneplanen og påfølgjande byggjesak. Den er unnteke for konsesjonshandsaming etter vassressurslova.
Det har heile tida vore lagt opp til å nytte helikopter som omsøkt. Røyrgata skal delvis leggjast på bakken i øvre del og det er heller ikkje planlagt bygd veg fram til inntaket.
For å unngå ekstra fysiske inngrep i naturen vert det såleis planlagt å nytte helikopter til transport og montering av inntaksterskel og røyrgate.

Ber om eventuelle merknader.

Mvh Magnar Selbervik Miljøvernrådgjevar
Ørsta kommune tlf: 70049780

Søknad om helikopterløyve