Hennaelva kraftverk – mangelfull kartlegging
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal peikar på manglande kartlegging av naturmangfald i søknaden om Hennaelva kraftverk i Halsa.
I ei fråsegn frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal til Norges vassdrags- og energidirektorat rår Naturvernforbundet frå å gje konsesjon til utbygging av Hennaelva kraftverk. Etter synfaring er Naturvernforbundet kritisk til kvaliteten på søknaden.
I ein region som har lågare andel med regulerbar kraft frå før enn resten av landet, bør ein la vere å byggje eit kraftverk i ei elv som ikkje gir meir enn 4,7 GWh og betydeleg risiko for negativ påverknad av biologisk mangfald.