Hjort og orrfugl

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Det er så mangt ein kan kome i tankar om når ein går tur i skogen. Går ein forbi eit spor så kan ein jo tenke litt på kva opplevingar det dyret har hatt og vil få. Etter kvart som turane har blitt mange så kan det vel hende at ein del samanhengar tar til å bli litt klårare også.

Gjennom mange år har jegarane passa på hjortejakta slik at ho skulle auke i resultat. Eit særleg velluka prosjekt som stadig set nye rekordar. Men ikkje utan biverknader. For alt hjortekjøtet har sjølvsagt ein pris. Både frå skogbrukarane og frå bøndene høyrer ein jo at skadene på skog og eng blir berre større og større. I trafikken går det også ofte gale. Den retta avskytinga har blitt for vellukka. Ein annan verknad er at det er få som finn bryet verdt å jakte rådyr. Dei blir også mange. Alt for mange. Hageeigarane tykkjer gjerne det første besøket er vakkert, men etter kvart når ein ser kva dei kjem i hagen for å ete opp, blir dei mindre nøgde.

No om dagen er det ein som set ekstra stor pris på desse resultata. Han hadde det flott sist vinter også, og fekk vel ein vellukka sommar vil eg tru. For etter kvart som rådyra slit får raudreven det berre enklare og enklare. Rådyra står stille og etter kvart så orkar dei ikkje meir. Om raudreven blir lei av kaldt kjøt kan han jo nærast gå bort å dytte på rådyra så ligg dei der. Då blir det varm steik, sjølv om han utover vinteren kan bli retteleg mager. Naturen går sin gang.

Men hjortejegarane har nokre gode vener som gjerne vil skyte seg skogsfugl og rype. Dei børseeigarane har hatt lite å bruke reiskapen på den seinare tida. Kan hende er det den vellukka hjortejakta som er årsaka. For raudreven har det godt, trivast og blir mange. Når kvelpane er små kan det vere smått med rådyr i nærleiken, men då hjelper det på med skogsfuglegg og kyllingar i tillegg til mus av ulike slag. Og ingen ser seg veldig tent med å jakte raudrev. Det blir mange av dei og dei utvider området sitt oppover i høgda også. I tillegg til egg kan dei nok ta lam viss det høver. I alle fall gjorde raudreven det i den tida bonden kunne få erstatning for tap med raudreven som årsak.

Raudreven har ikkje så mange fiendar. I den tida hubroen fanst i større tal var det stor risiko for ein raudrev å legge vegen over eit jorde, men ikkje no lenger. Høgspentlinene har nok tatt mange av hubroane, og raudreven går langs linene for å hente andre fuglar som har endt sine dagar i trådane. Det er berre skabben som virkeleg gjer ein skilnad, men skabben har heller ikkje hatt så stor verknad den seinare tida.

Gaupa kan også ta ein del raudrev. Men den er det heller ikkje så mange av. I alle fall ikkje mange nok til at det gjer noko særleg for raudrevbestanden.

Dette er jo på ingen måte ei skildring av eit komplett økosystem. Det er mykje anna som virker inn også. Men spørsmålet er altså: Kan det tenkast at den store auka i hjortestammen fører til at det er lite skogsfugl og rype i distrikta våre no?

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal