Hodet i sanden og Vår Herre?

Svar til leserinnlegg frå Olav Bratland.

Olav Bratland, gruppeleiar for Høgre i fylkestinget, skriv om energi i eit lesarbrev: ”For meg er det helt uforståelig at enkelte politikere ønsker å stikke hodet i sanden, og ikke vil være med på å utnytte de mulighetene som Vår Herre har gitt oss med gassen utenfor fjøresteinene.”

Kan Bratland vere så snill å kome med ei forklaring på kvifor Vår Herre er så gavmild mot vår generasjon, medan dei som veks opp etter at gassen er brukt opp ikkje får noko?

Kan Bratland vere så snill å forklare kvifor Vår Herre er så gavmild mot oss, medan buplassen til mange hundre millionar blir overfløymde som følgje av uvettige klimagassutslepp?

Naturvernforbundet er samd i at vi i vårt fylke har vore klønete med omsyn til energibruk og energitilgang, men vi er nøydde til å finne løysingar på dette utan at det går ut over andre.

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Leserinnlegget fra Olav Bratland