Høgfartstog: Naturvernforbundet vil ha utgreiingar som omfattar Møre og Romsdal

Stortinget har bedt om å få ei utgreiinga av høgfartstog i Noreg. Jernbaneverket har gjennomført ei høyring av ein førebels rapport der det blir rådd til at strekninga Oslo – Trondheim blir bygd ut over Østerdalen. Naturvernforbundet og Natur og Ungdom meiner potensialet for gods- og persontransport frå Møre og Romsdal er så høgt at ei høgfartstogløysing over Gudbrandsdalen også bør utgreiiast, men denne må kome i staden for ei satsing på vegar og rullebanar.

Tog er ein energieffektiv transportform når utnyttinga av materiellet er høg. Likevel krev jernbanen som system store trafikkmengder for å kunne forsvarast, ikkje berre økonomisk, men også miljømessig. Inngrep og barrierer i landskapet er ein dimensjon. Energibruk og utslepp i samband med bygginga og driften av infrastrukturen må også kunne forsvarast.

Eit nytt og betre transporttilbod i form av høgfartstog kan også gi omfattande vekst i det totale talet på reiser, medan klimautfordringane tilseier at vi forsøker å redusere talet på reiser.

Alt dette gjør det viktig for Norges Naturvernforbund og Natur og Ungdom å få fram at jernbanesatsinga må kome som erstatning for utbygging av vegar og flyplassar, ikkje som eit tillegg. Utbygging av jernbanen må bidra til å stoppe vegutbygging og planane om fleire rullebaner!

For å utnytte potensialet jernbanen har for å redusere dei totale klimagassutsleppa i Noreg, er det nødvendig å nytte både «gulrot» og «pisk» som virkemiddel. Norges Naturvernforbund og Natur og Ungdom legg vekt på at det er nødvendig med fleire tiltak for å redusere veg- og flytrafikken enn berre ei forbetring av togtilbodet. Målet må vere at flytrafikken nærast blir lagt ned på dei strekningane som får høgfartstog, og ein vesentleg del av godstrafikken blir flytta frå veg til bane.

Det er både dei 720 000 passasjerane som i 2006 tok fly mellom Ålesund / Molde og Oslo og dei mange vogntoga frå fylket som nyttar E6 som får Naturvernforbundet til å foreslå ei høgfartsløysing som kan gi eit betre tilbod for Møre og Romsdal.

Det er stor usikkerhet rundt de inngrepsmessige konsekvensene av nye jernbaner. Samstundes opplever vi at det er stor forvirring om kva kostnader og lønsemd nye banar mellom landsdelane vil kunne få. Kostnadene med Botniabanan i Nord-Sverige er t.d. mykje lågare enn det som har vore anslaga for norske utbyggingar.

Naturvernforbundet og Natur og Ungdom foreslår at det blir sett ned eit panel av både norske og utanlandske eksperter, som også inkluderer Ålesundsbaserte «Norsk Bane AS» og initiativtakerne bak «Høyhastighetsringen», som får i oppdrag av å sjå nærare på m.a. miljøeffektar (energibruk, utslepp m.m.) og inngrepsutfordringar.Naturvernforbundet er usikre på om fylket eller kommunane i Møre og Romsdal er på banen i denne saka.

Kontakt samferdselsrådgivar Holger Schlaupitz i Naturvernforbundet på mobil 95 86 00 50 for fleire kommentarar. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundets gjør for å redusere energibruk og klimaendringar

Uttale frå Naturvernforbundet og Natur og Ungdom om høgfartsbane

Er høyhastighetsbane miljøvennlig? Foredrag av Lars Haltbrekken

Bind landet saman med eit nett av høgfartsbanar – uttale frå landsmøtet i Naturvernforbundet

Rapport om Haukelibanen