Høgre må klargjøre
Epost til NRK Møre og Romsdal.
På NRK Møre og Romsdal i dag er partiet Høgre intervjua om energiløysingar for Midt-Noreg.
Naturvernforbundet er nøgd med at Høgre tek til orde for anna enn gass, vi har nett publisert ein rapport om dette – sjå www.naturvern.no/moreromsdal, men samstundes seier Høgre at vi må ha fleire gasskraftverk.
Naturvernforbundet ønskjer difor ei klargjøring:
1) Vil Høgre subsidiere utbygging og drift av fossile gasskraftverk utan klimagasshandtering?
– vi veit at slike tiltak ikkje er moglege å få på plass gasskraftverk utan massiv økonomisk støtte, ettersom tilhøvet mellom gasspris og strømpris ikkje gjør gasskraft i Noreg lønnsom.
2) Vil Høgre auke støtta til energisparing og / eller ny fornybar energiproduksjon og energiomlegging?
– i fjor ville Erna Solberg nytte pengane til vegbygging i staden for til fornybar energi. Nettavisen skriv at Høgre har skifta syn – http://www.nettavisen.no/innenriks/politikk/article1018214.ece. Kva vil Høgre foreslå no?
Naturvernforbundet tek gjerne eit møte med Møre og Romsdal Høgre om desse spørsmåla i løpet av hausten.
Øystein Solevåg
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
mobile: +47 40 23 47 05
moreromsdal(a)naturvern.no