Høgskulen i Ålesund sitt samarbeid med Villakonsernet

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Naturvernforbundet i Vestnes skjøner Høgskulen sitt utgangspunkt til å skaffe studentar verdifull marinbiologisk praksis som ein del av fagleg utvikling. Det er ein sjølvsagt verdi for eit fagmiljø og ein student å få studere årsak – verknad i praksis, men me vil like fullt minne om at grunnforsking etisk sett bør vere friast mogleg. Høgskulen i Ålesund bør vurdere om dei tener på eit slikt samarbeid omdømmemessig. Villakonsernet har i løpet av si driftstid vist lita interesse for å ta vare på fjordar og ville fiskebestander i Vestnes kommune. Tresfjorden som ein grunn terskelfjord med høgt innhald av brakkvatn og dårleg utskifting, har fått betale mykje for oppdrettsverksemda til konsernet. Sjøbotnen og taren verkar å vere permanent skada fleire stader. Tilhøyrande vassdrag sine laksefiskartar er påverka av drifta i stor grad. Det har pågått ei biologisk utarming over lang tid. Villakonsernet og andre oppdrettsfirma i området har difor eit permanent forklaringsproblem.

Naturvernforbundet arbeider med å få gjort marinbiologiske undersøkingar av Tresfjorden for å kunne legge fram ein fagrapport, om sannsynleg skadepåverknad frå oppdrettsnæringa si side. Høgskulen i Ålesund kan godt få overlevert dokumentasjon på sannsynleg øydelagt sjøbotn i deler av Tresfjorden. Me har og 15 år med feltregistreringar av massive lakseluspåslag og rømt oppdrettslaks i Vestnes kommune sine vassdrag å vise til. Naturvernforbundet ber studieansvarlege om å tenke nøye på dykkar faglege integritet i høve til inngått samarbeidsavtale med Villakonsernet. Det er ikkje miljøetisk problemfritt å utdanne naturforskarar innanfor Villagruppa si oppdrettsramme. Sjølv om lokalitetane dykk skal forske på ligg i Rekdalen og på Furneset, med betre tilhøve for oppdrett enn i Tresfjorden, handlar dette om å sjå heilheta bak drifta til eit selskap. Me ber og om at Høgskulen seier frå til konsernet visst studenter ser miljøskadeleg drift på anlegga kor dei skal ha feltarbeid.

Naturvernforbundet i Vestnes

Leiar Bernt Gjelsten

Kontaktperson for denne saka er lokallagsleiar Bernt Gjelsten, telefon 97 18 60 58.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen