Holmen i nordenden av Stølsvatnet – opparbeiding av gangveg

Epost til Tingvoll kommune 30. september 2009.

Jostein Innerdal i Saghøgda vel har kontakta Naturvernforbundet i Tingvoll i samband med at dei ønskjer å bygge atkomst mellom leikeplassen ved dammen i Stølsvatnet og ut til ein nærliggande holme. Naturvernforbundet ved Øystein Folden har vore og sett på staden, og vil seie følgjande til dette tiltaket.

Området er prega av menneskeleg aktivitet over lang tid. Biologiske verdiar som finst i området har nok tilpassa seg dette. Det er difor eventuelle restverdiar av slike og verdiar knytt til friluftsliv som er viktige sett frå vår ståstad. Ei tilrettelegging for auka friluftsliv bør difor vere greitt i dette høvet.

Når det gjeld utforming av tiltaket vil Naturvernforbundet seie følgjande:

Sambandet mellom leikeplassen og holmen bør utførast i trekonstruksjon. Dette fordi sjølve inngrepet på terrenget blir mindre og det vil vere lettare å reversere om det skulle vise seg nødvendig. Viss periodevis gjennomstrauming av vatnet er eit poeng i dette området, vil denne bli minst påverka av ein trekonstruksjon.

Holmen har nok tent som hekkestad for fiskemåke i nokon grad. Truleg kan det vere tale om 1–3 par og mykje tyder på at det har vore dårleg med hekkeresultatet mellom anna pga. mink. For å avbøte eventuell verknad som følgje av ny ferdsel på holmen foreslår difor Naturvernforbundet at det blir sett opp brett på staur for fiskemåke i området mot nordvest der det er minst attraktivt for ferdsel ved denne tilrettelegginga. Det er tale om brett på 50×50 cm plassert på pålar slik at brettet blir ståande i høgde på ca. 1,8 m. Vi foreslår at ein prøver med 3 slike reirplasser i første omgang.

Med helsing

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Tingvoll