Hurra for gassen!

Lesarinnlegg frå Øystein Folden, leiar i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Sidan vi har gassen, må vi bruke han til noko no med ein gong før det er for seint! Slik er det når ein berre har ein tanke i hovudet på ein gong. Naturvernforbundet tykkjer det er forunderleg at fylkesordføraren kan gå slik i bresjen for gassbruk. Så kortsiktig politikk som går ut over så mange andre som ikkje får lov til å seie noko i saka, det skal ein leite lenge etter.

Gassen tek til å bli eit demokratisk problem.

– Noreg har skrive under Kyotoavtala som gjer at vi har eit tak for klimagassutslepp å halde oss til. Når fylkesordføraren let som han ikkje har høyrt om avtala og berre gassar på, fører det berre til at Noreg ikkje er til å stole på i internasjonale avtalar. Det er dårleg gjort, og det går ut over Noreg sitt omdømme. Noreg er avhengig av at internasjonale avtalar fungerer på andre felt, og kan ikkje berre halde dei avtalene som passer oss best.

– Viss fylkesordføraren har tenkt å overhalde Kyotoavtala, men ikkje vil fortelje oss om innstrammingane som skal til på andre område for at det skal bli gasskraftverk, då prøver han å lure oss. Det er dårleg gjort å invitere på betre middag, og så fortelje at gjestene må betale for maten sjølve når måltidet er servert.

– Det er forresten dårleg gjort å auke klimagassutsleppa og drukne folket på Maldivene utan at dei får lov til å uttale seg til ei sak som gjeld dei minst like mykje som nokon av oss.

– Det vil også vere dårleg gjort av Møre og Romsdal å auke utsleppa og la andre fylke ta reduksjonen.

Møre og Romsdal har eit energiproblem. Naturvernforbundet kan også sjå det. Vi undrar oss på kva som skapte problemet? For å få til modernisering av Hydro sitt anlegg på Sunndal måtte det utvidast samstundes. Tru om ikkje ein då sa at verknaden av auka energibruk måtte sjåast på som ei sak for seg? Det er akkurat som det same skjedde då det blei tale om Ormen Lange. Det er tale om å planlegge slik at prosjekta blir delt. Først ser ein på fordelane ved tiltaket. Når alle ser fordelane, så kjem ulempene på bordet. I festrusen overser ein så desse. Dermed er energiunderskotet i Møre og Romsdal eit faktum. Og det problemet vil altså fylkesordføraren løyse ved å skape nye problem.

Rekninga for den løysinga er det folket på Maldivene og mange andre stader med låge kystlandskap som må betale, i tillegg til våre barnebarn. Det vil ikkje Naturvernforbundet gå med på. Kortsiktige og lite bærekraftige løysingar har vi nok av. No er det tid for løysingar som også vil vere riktige gjennom framtida. Så får vi gje oss litt meir tid og heller tåle nokre problem i tida som kjem, men stå rakrygga både for våre barnebarn og dei som bur på andre sida av kloden.