Hus eller furuskog?

Mellom Straumsundbrua og omsorgsbustadene i Arnvika er det nokon som vil bygge hus. Er det lurt?

Den er ikkje så stor den skogen som står igjen mellom sjøen og vegen aust for omsorgsbustadene i Arnvika. No er det nokre som vil bygge hus der.

Naturvernforbundet i Tingvoll seier i ei fråsegn at det kan vere ein fordel å samle busetnaden, og dermed naturinngrepa i området. Eller kanskje ikkje.

Når ein ser nærare etter, vil ein oppdage at denne vesle biten er den siste som er igjen utan store inngrep i heile dette området. Det er bygd kaier, hus, hytter og veger omtrent ned til flomålet. Viss dei som skal bu i den nye tettstaden i Tingvoll kommune skal ha tilgang til natur og sjø, kan det vere at ein må halde igjen på dette arealet. Dessutan kan det vere fuglar og dyr som har det mykje betre om det er ei strandstrekke igjen utan stadig verksemd.

Fråsegna kan du sjå nedanfor. Foto: Øystein Folden.