Husdyrgjødsel og naturvern – kartleggingsrapport lagt fram

Landbruksorganisasjonane, landbruksforvaltninga og Naturvernforbundet blei i 2007-2008 samde om å innleie eit samarbeid om gjødselsspreiing og forureining i Tingvoll og Gjemnes. Samarbeidet er unikt, og no ligg kartleggingsrapporten frå eit prøvetakingsprogram i Batnfjordselva og Osenvassdraget i Gjemnes, samt Hanemsvatnet i Tingvoll, for å kartlegge eventuell landbruksforureining føre.

Det har tidlegare vore noko usemje om gjødselspreiing på hausten i desse kommunane. Naturvernforbundet var uroa over at gjødselspreiing seint i eller etter vekstsesongen kunne gi forureining som truga dyre- og plantelivet i fleire vassdrag. Landbruksrådet tok difor initiativ til ein dialog med Naturvernforbundet. Det blei semje om å etablere eit samarbeid.

Deltakarane blei samde om nokre tiltak:

· Det blir gjennomført eit prøvetakingsprogram over 2 år i Batnfjordselva og Osenvassdraget i Gjemnes, samt Hanemsvatnet i Tingvoll, for å kartlegge eventuell landbruksforureining.

· Det blei arrangert gruppemøter for alle melk- og storfekjøttprodusentane i nedslagsfeltet til desse vassdraga for å diskutere høstspreiing av husdyrgjødsel. Både Forsøksringen og Naturvernforbundet var med.

Delrapport 1 peika på at det er ein del «systemfeil» som fører til at husdyrgjødsla ikkje blir brukt fullt ut når nytteverdien er stor og ureiningsfaren er liten. Det bør vere grunnlag for påtrykk ved høve:

– husdyrgjødsellagre blir planlagde for små, noko som fører til spreiing av husdyrgjødsel om hausten. Det må kome både stimuli og krav om betring på dette punktet.

– stimulering til slangegjødsling fører til mindre ureining sidan ein då får gjort arbeidet fortare og til meir optimal tid og dessutan kan redusere køyreskadar som venteleg reduserer utslepp av lystgass.

Øystein Folden har vore Naturvernforbundet sin kontakt i arbeidet. Han har telefon 91 81 25 42.

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Kartleggingsrapport

Husdyrgjødsel og naturvern – delrapport 1

Husdyrgjødsel og naturvern – delrapport 2

Avslutning av prosjekt om overvåking av vassdrag i Gjemnes og Tingvoll

Husdyrgjødsel og gjødselspreiing – delrapport etter fem fagmøter