Husdyrgjødsel og naturvern

Dette er tittelen på ein rapport som samanfattar eit konstruktivt samarbeid mellom landbruksnæringa og Naturvernforbundet i Gjemnes og Tingvoll.

Det har tidlegare vore noko usemje om gjødselspreiing på hausten i desse kommunane. Naturvernforbundet var uroa over at gjødselspreiing seint i eller etter vekstsesongen kunne gi forureining som truga dyre- og plantelivet i fleire vassdrag.

Landbruksrådet tok difor initiativ til ein dialog med Naturvernforbundet. Det blei semje om å etablere eit samarbeid.

Deltakarane blei samde om nokre tiltak:

· Det blir gjennomført eit prøvetakingsprogram over 2 år i Batnfjordselva og Osenvassdraget i Gjemnes, samt Hanemsvatnet i Tingvoll, for å kartlegge eventuell landbruksforureining.

· Det blei arrangert gruppemøter for alle melk- og storfekjøttprodusentane i nedslagsfeltet til desse vassdraga for å diskutere høstspreiing av husdyrgjødsel. Både Forsøksringen og Naturvernforbundet var med.

Målet var å forbetre den gjensidige forståinga og få til eit konstruktivt samarbeid. Naturvernforbundet er svært nøgd med arbeidsform og resultat så langt.

Øystein Folden har vore Naturvernforbundet sin kontakt i arbeidet. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les heile rapporten frå prosjektet