Hydro – overskot på kva?

Hydro Aluminium Sunndal gjekk 762 millionar i overskot første halvår. Det har vore den gode meldinga denne veka. Naturvernforbundet i Møre og Romsdal tykkjer det kan vere greitt å informere om eit par andre sider av saka også:

I mai fekk Hydro Aluminium Sunndal auka utsleppsløyve for utslepp til vatn, hovudsakeleg av aluminiumsoksid, men også av fluor og svovel. Dei hadde løyve til å sleppe ut 12 kg pr. time på årsbasis, men auka produksjon gjorde det nødvendig med utslepp på 70 kg i staden. Det høyrest ikkje så mykje ut, men skilnaden (eller overskotet?) på eit år er 508 tonn. Dei har også fått auka utleppsramma til luft.

Hydro Aluminium Sunndal brukar også mykje meir straum no enn for få år sidan. Utpå vinteren vil vi finne ut om denne straumen helst burde ha vore i magasina som vatn, eller om det var greitt å lage ekstra mykje aluminium av han (med omsyn til straumen blir det vel helst tale om underskot).

Naturvernforbundet har undersøkt om ein del av spillvarmen frå Hydro Aluminium Sunndal kan nyttast til å lage straum. Bruk av røykgassen til straumproduksjon kan kanskje gje opp mot 0,6 TWh, eller kring 10% av det som blir bruka på verket no. Naturvernforbundet utfordrar difor Norsk Hydro til å setje av noko av overskotet sitt til å forske meir på dette.

Øystein Folden,

Leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet