Ikkje bygg Rakstangvegen

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Tingvoll til Tingvoll kommune i samband med søknad om byggjing av skogsveg.

Naturvernforbundet i Tingvoll har gått gjennom både søknaden om vegbyggjing og området vegen er planlagd i.

Kunnskapsgrunnlaget for dette området er for lågt til at ein kan gjere vedtak om bygging av veg. Naturvernforbundet meiner det er gamalskogsverdiar i området.

Lønsemda i prosjektet er heller tvilsam og inngrepet med sjølve vegen vil bli betydeleg. Kunnskapsgrunnlaget er tilstrekkeleg til å avslå søknaden, meiner Naturvernforbundet.