Ikkje bygg ut Sandvikelva i Nesset!

Norges vassdrags – og energidirektorat (NVE) har lagt ut søknad fra HydroPlan AS om bygging av Indre Bogge kraftverk til offentlig ettersyn. Naturvernforbundet har i fråsegna si ikkje vesentlege innvendingar til omsøkte tiltak viss ein sløyfer overføring av Sandvikelva, men meiner det må setjast krav om ei høgare minstevassføring enn det som er omsøkt..

Naturvernforbundet ber NVE avslå overføring av Sandvikelva. Det er fleire gode grunnar til ikkje å byggje ut Sandvikelva. Her er to verdifulle område som ikkje kan lausrivast frå elva og vassføringa. Vidare er det mykje som tyder det på at det kan hekke fossekall i denne elva. Viss vassføringa blir redusert vesentleg i Sandvikelva, må ein reknemed at dette er eit tapt fossekallvassdrag. Bekkekløfta reknar vi ogsåsom såpass verdifull at Sandvikelva ikkje bør rørast.

HydroPlan, eit selskap Naturvernforbundet har hatt dårlege røynsler med i ein tilsvarande utbyggingssak, ønskjer å byggje ut overføringa av Sandvikelva til Boggeelva gjennom ei myr. Dersom det er slik at denne myra har vore slåttemyr tidlegare,
slik rapporten opnar for, er dette ein naturtype som truleg får sterkare vern i nær framtid. Naturvernforbundet meiner også verdiane knytt til det som kan vere ei slåttemyr bør sjåast i samanheng med slåttemarkkvalitetane nærare sjøen. Eit bilete av slåtteverksemda både biologisk og historisk som er såpass komplett som på denne plassen i Nesset er truleg ikkje veldig utbreidd, og i seg sjølv verdifullt.

Dessutan er Naturvernforbundet kritisk til forslaget til minstevassføring i Boggeelva. Utbyggjaren har søkt om å få godkjent vassføring tilsvarande minste lågvassføring. Naturvernforbundet minnar i fråsegna si til Norges vassdrags- og energidirektorat om at alminneleg lågvassføring i utgangspunktet er avgrensande for ein del plantar og dyr knytt til ei elv. Når periodane med lågvassføring blir mykje lengre enn det som har vore, vil avgrensinga bli forsterka.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal ber om at det ved ein eventuell konsesjon til utbygging av Boggeelva blir fastsett høgare minstevassføring, og at det blir fastsett forskjellig minstevassføring forsommarperiode og vinterperiode.