Ikkje bygg ut Smisetfossen!

Naturvernforbundet ber NVE avslå søknaden om utbygging av Smisetfossen.

Konklusjonen i fråsegna til NVE er:

I eit verna vassdrag er det ikkje høve til å bygge kraftverk. Det har vore vurdert nokre unnatak, der ein har nytta inntil 10% av vassføringa, som eit såkalla ubetydeleg inngrep. I dette tilfellet er det søkt om 77 % utnytting av årleg middelvassføring. Som gjennomgangen viser er det her eit vesentleg element av elva som saka gjeld. På ein kort elvestrekning har ein masse vassdragsgeologi, naturlege prosessar, kulturmark og bygnings- og næringshistorie. I dette er det på ingen måte plass til eit kraftverk.
Naturvernforbundet ber om at søknaden blir avslått.