Ikkje grunnlag for lisenskvote for jervjakta 2022-2023

Dei siste tre åra har roviltnemnda i region 6 fastsett store kvoter på jerv. Ser vi no verknaden i form av at det er færre registrerte ynglingar i år enn det har vore på ganske lenge?

Då nemnda hadde sitt møte 23. mai var det kjent 9 ynglingar i Møre og Romsdal og Trøndelag. Målet på 10 var ikkje nådd. I to av tilfella har det vore hiuttak, så grunnlaget for framtidig jervebestand er dermed 7 og ikkje 9.

I Trøndelag er dei fleste yngligane i beiteprioritert område. Det gjer ikkje saka betre at Oppland som skal ha 4 ynglingar så langt ikkje har registrert nokon ynglingar i år.

På møtetidspunktet kunne Statens Naturoppsyn melde at det var 6 hi med uviss status, 2 i kvart av fylka. Nokre av desse må ein vente skal registrerast med yngling. Sjølv om alle desse skulle vise seg å ha yngling, vil ein likevel ikkje kome over målet for forvaltingsområdet for jerv i Trøndelag eller den sørvestlege delbestanden av jerv.

Med dette som grunnlag vedtok nemnda ei kvote på 26 jerv, og ei reservekvote på ytterlegare 8 dyr. Ei slik kvote har på ingen måte eit fagleg grunnlag. Slik forvalting og slike kvoter fører berre til eit høgare konfliktnivå. Sidan kvotene har vore høge dei siste åra, er det ikkje grunnlag for kvote i år.