Ikkje meir jervejakt i Rauma!

Fylkesmannen i Møre og Romsdal etterlyser tiltak for å fjerne jerv frå Rauma. Naturvernforbundet svarar med eit brev der det blir etterlyst tiltak for å skaffe meir jerv.

Det er eit mål om tre årlege jerveynglingar i Møre og Romsdal. I 2015 blei det ikkje registrert ynglingar i det heile. Jerven er det einaste store rovdyret det er mål for ynglingar av i Møre og Romsdal.

For å nå målet om tre årlege ynglingar er det truleg nødvendig med ein jervebestand på 20 dyr. Forekomsten er reelt mykje lågare.

Naturvernforbundet meiner det er på tide å rette meir merksemd mot det faktum at det over tid er vesentleg mindre jerv enn det er mål om. Dette må få konsekvensar for fellingskvoter og ekstraordinære fellingstiltak, og vi må godta at jerven også finst på utsida av yngleområdet.