Ikkje meire torskeoppdrett no

Fylkeskommunen har gjeve Sunnmøre torsk AS løyve til oppdrett ved Aukan i Aure kommune. Det burde dei ikkje ha gjort.

Gadus torsk som står bak Sunnmøre torsk fekk av fylkeskommunen nyleg konsesjon til torskeoppdrett ved Aukan i Aure kommune. Sist haust rømte det nesten 90 000 torsk frå Gadus sitt anlegg i Volda. Det blei påvist hol i tre av nøtene som skulle vere av ein spesielt god kvalitet.

For nokre veker sidan fekk fiskarar ved Meløy i Nordland torsk dei meinte måtte ha rømt frå oppdrett. Norcod som har eit oppdrettsanlegget i området finn ikkje teikn på at torsken har rømt frå deira anlegg.

Det blei sagt i søknaden til Gadus at dei har avla fram ein torsk som ikkje ønskjer å rømme. Vidare er denne torsken ikkje i stand til å klare seg utanfor merdene. Lys hindrar dei i å gyte. Etter fleire månader i sjøen er det hannfisk som er klar til å gyte. Dessutan er det fiskarar og ikkje internkontrollen som oppdagar tamfisken utanfor merdene.

Fylkeskommunen seier ein har for lite røynsle med den nye torsken. No har det rømt så mykje at det skal vere mogleg å forske på påverkinga av den ville torsken framover. Det er tid for å slutte av risikosporten med torskeoppdrett.

Naturvernforbundet har klaga på oppdrettskonsesjonen ved Aukan i Aure. Klaga kan du lese nedanfor.