Ikkje utvide Loennechenbua i Sunndalsfjella!

«Det er vårt ønskje at Loennechenbua i staden for å bli utvida heller får krav om avgrensa bruk i form av stengetid ein periode om våren», skriv Naturvernforbundet i ei fråsegn til Verneområdestyret for Dovrefjell – Sunndalsfjella i samband med at Kristiansund og Nordmøre Turistforening har søkt om å få oppgradere denne bua.

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har tilfeldig fått vite at Kristiansund og Nordmøre Turistforening har søknad til handsaming om ny hytte ved Loennechenbua i Sunndal.Naturvernforbundet har vore i kontakt med Dovrefjellrådet tidlegare då det var spørsmål om nye hytteplanar på plassen.

Det finst fleire omsyn som må vurderast i denne saka, men vi vil spesielt ta fram eitt tema. Det gjeld villreinen, heretter kalla rein i motsetnad til tamrein, sin bruk av dette området spesielt og Dovrefjell – Sunndalsfjella generelt.Reinen er eit av dei flottaste syna vi har av høgfjellsøkosystem. Det vi veit er at dette økosystemet er truga frå fleire hald, og reinen er mellom dei mest råka artane i dette økosystemet. Dei mest negative påverknadene er klimaendringar og nedbygging/endra bruk av areal. Hytteutbyggingar tar for seg av randområde. Ferdselen knytt til eksisterande fritidshytter kan endre seg, likeeins utvida bruk i sesong og mengde. Ein og annan veg blir bygd, og kraftliner er også eit av trugsmåla. Vassdragsreguleringar har vi frå før, likeeins jernbanen.

Snøheim er ein sak som må nemnast særskilt. Her låg det ein moglegheit til restaurering av areal med tanke på at reinen endeleg kunne få noko tilbake og ikkje berre at vi alltid skal ta frå reinen areal. Men den moglegheita feila i stor grad ved at det blei gitt løyve til ny bruk av Snøheim.For tida er det eit merkeprosjekt for å få nærare kjennskap til kva areal reinen i området bruker. Dette prosjektet er ikkje ferdig endå og slett ikkje evaluert, det vi kjenner til. Utan resultatet av dette prosjektet er kunnskapsgrunnlaget (§ 8 i naturmangfoldloven) noko avgrensa, og må kompenserast med føre var-prinsippet (§ 9) ved at ein nektar utbygging/auka aktivitet kring Loennechenbua. Ei anna tilnærming er at saka blir avvist til merkeprosjektet er fullført, og at ein då tar stilling til saka.

Reinen er ein viktig del av økosystemet. Det same er jerven. Dei seinare åra har vi også fått ny kunnskap om at desse to dyra har mykje å seie for om fjellreven kan ha sjanse til å overleve. Den innsatsen som har vore no med å berge fjellreven frå utrydding i norske fjell må også vere med i vurderinga. Vurderinga må vere økosystembasert, slik det er krav om i naturmangfoldloven § 4.

Vi veit at klima er i endring. Dette blir dokumentert i Dovrefjellområdet gjennom prosjektet Jarle Holten er leiar for. Sjølv om ikkje målingane er ferdige, sidan slike undersøkingar tar tid, så høyrer vi alt no at endringane kan sjåast. Vi veit ikkje alt om kva endra klima vil føre til, men reinen sine beiter kan i alle fall blir råka ganske kraftig. Det kan lett føre til at reinen må endre sine vandringar. Viss vi i mellomtida har tilpassa oss vandringsmønsteret reinen har i dag, og brukt opp alle andre areal, er det ikkje rom for endringar. Det vil for reinen vere ei katastrofe, og høgfjellsøkosystemet vil klart bli mykje påverka. Difor er det nødvendig at vi ikkje berre tar høgde for at reinen får ha i fred areala som trengst no, men også set av romslege areal som reserver som følgje av dei behova som kan oppstå som følgje av klimaendringane. Viss merkeprosjektet viser at areal knytt til Loennechenbua og rutene i samband med denne ikkje blir vesentleg nytta av reinen i tida merkeprosjektet har vore, så er ikkje det prov på anna enn korleis det har vore no, ikkje kva behov reinen vil ha i framtida.

Det er vårt ønskje at Loennechenbua i staden for å bli utvida heller får krav om avgrensa bruk i form av stengetid ein periode om våren. Verneområdestyret bør kunne pålegge KNT i medhald av naturmangfoldloven § 70 å halde Loennechenbua stengt ein periode i kalvingstida på grunnlag av den kunnskapen ein har allereie no.
Det er dessutan truleg bra at det er usikkert med overnattingskapasitet ved Loennechenbua, slik at dei som skal ferdast her må rekne med å måtte gå vidare og gå lenge. På den måten vil ein truleg sile kven som går, slik at dei som går er meir budd på det som fjellet har å by på, også rein. Dei som treng kortare gangtid mellom hyttene har eit godt tilbod mellom anna i form av Fjordruta til KNT.

Naturvernforbundet er som KNT ein friluftsorganisasjon. Men vi kan ikkje la friluftslivsinteressene øydelegge for det biologiske mangfaldet.