Impregnering av oppdrettsnøter ved Torvikterminalen

Sporstøl arkitekter har varsla oppstart av reguleringsarbeid ved Torvikterminalen. Naturvernforbundet har mange spørsmål.

Naturvernforbundet har fått eit tips om at det går føre seg reguleringarbeid ved Torvikterminalen. Verksemda med impregnering av oppdrettsnøter har interessert oss over lengre tid, så denne saka ønskjer vi å følgje. Vi politimelde veksemda 23.12.2008 for drift utan løyver/reguleringsplan og er naturleg nok interessert i kva som går føre seg.

Vi er elles noko forundra over at vi ikkje står på høyringslista.

For Naturvernforbundet er det vesentleg at

‑ handsaming av koparstoff kan skje på ein slik måte at det ikkje hamnar i naturen, sjølv om det skulle skje uhell

Med utvida verksemd i form av vasking av nøter vil det i tillegg oppstå eit nytt krav:

‑ handsaming av avfall som skjel og rur med vidare i blanding med koparstoff

Oppdrettsverksemda har vel halde på såpass lenge no at det snart vil blli nøter som skal ut av bruk. Slutthandsaming av slike vil vel også bli aktuelt viss verksemda tar mål av seg å vere totalleverandør av tenester knytt til nøter. Då vil tilhøve rundt handsaminga av nøter som skal utgå også vere noko som skal vere ornda på skikkeleg vis med omsyn til avfallshandsaming.

Når det gjeld naturmangfald gjer vi merksam på at det nordvest for terminalen er ein større naturtypelokalitet som gjeld kystlynghei, der ein del av han er av purpurlyngheitypen, truleg den nordlegaste i landet. Lynghei av denne typen er raudlista som sterkt truga. Reguleringsplana vil ikkje utan vidare kome i konflikt med denne, men det kan vere nødvendig å brenne lyngheia frå tid til annan, og det bør reguleringa ta høgde for om det er trong for det.

For oss er det enklast med digital post sendt til moreromsdal@naturvern.no

Viss noko må sendast med post kan dette gå til

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Rasta 4

6630 TINGVOLL

Med helsing

Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Øystein Folden