Informasjon om Naturvernforbundet i Vestnes

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Vestnes.

Naturvernforbundet er den største og eldste natur- og miljøvernorganisasjonen i Noreg og arbeider for å verne og forvalte naturen på ein måte som skal sikre det felles livsmiljøet vårt. Målet er at natur- og miljøomsyn må leggjast til grunn for all menneskeleg aktivitet.

Naturvernforbundet i Vestnes vart stifta 31. mars i år. Me har sidan vore det lokallaget i landet med størst auke i medlemstal. Det er viktig med støtte og engasjement frå innbyggjarane i Vestnes, slik at me kan stå saman i saker som er viktig for å ta vare på nærmiljøet vårt. Me treng både aktive og passive medlemmar av begge kjønn, i alle aldrar og med ulik bakgrunn. Dette er ein frivillig organisasjon der alle som ynskjer å gjere ein innsats for natur og miljø kan vere med å bidra. For meir informasjon gå inn på: www.naturvern.no/moreromsdal

Det er mykje å ta tak i her i Vestnes, så me må sjølvsagt velje ut nokre få saker som me vil prioritere. Så langt har me konsentrert oss mest om strandsonevern, oppdrettsverksemd, ulovleg avfallsdumping og masseuttak.

Vestnes kommune er den kommunen i Møre og Romsdal som gjev flest dispensasjonar frå forbodet mot bygging i 100-metersbeltet. Denne praksisen kan ikkje halde fram, og det må setjast strengare krav til korleis nausta i kommunen skal sjå ut. Oppdrettsverksemda har ekspandert kraftig dei siste åra, slik at me no kan sjå oppdrettsanlegg på fjorden dei fleste stadane. Ein veit ikkje sikkert kva konsekvensar dette vil ha for det naturlege økosystemet i framtida. Så då er det kanskje betre å vere litt føre var? Ulovleg dumping av avfall er eit anna stort problem me har i Vestnes. Dette er dumping som har gått føre seg i ei årrekkje og som difor inneber ei svært omfattande opprydding. Naturvernforbundet har i fyrste omgang vald å registrere avfall langs vassdraga.

Masseuttaket på Furneset kan bli eit av dei største naturinngrepa i Vestnes, så at me har vald å engasjere oss mykje i denne saka, er sjølvsagt. Eit såpass urørd og verdifullt område må me ta vare på, både for vår eigen del og for komande generasjonar. Me i Naturvernforbundet har ikkje store eigeninteresser i sakene, iallfall ikkje økonomisk. For oss handlar det om heilt andre verdiar. Me meiner ikkje at samfunnsutviklinga skal stoppe opp, men det gjeld å gå i rett retning ved å tenkje nytt, langsiktig og berekraftig.

Ein stor del av jobben vår er å bidra med informasjon til kommuneadministrasjonen, politikarane og innbyggjarane i kommunen. Omsyn til natur og miljø blir lett gløymd, og det er ikkje alle som har kunnskapen som trengs for å ta dei rette avgjerdene. Men det har skjedd mykje positivt etter stiftinga av Naturvernforbundet i Vestnes, noko me set stor pris på. Kommunen prøvar å ordne opp, politikarane er villig til å lytte til kva me har å seie og folk melder seg inn og gjev oss ros for den jobben me gjer. Tusen takk!

Med venleg helsing

Styret i Naturvernforbundet i Vestnes

Avfallsdumping

Oppdrettsanlegg

Bygging i strandsona