Ingen andre får sleppe så mykje møkk i sjøen

Eit oppdrettsfirma ønskjer å sprenge vekk berga vest for Stavneset fyr i Averøy og ale opp laks. Det bør dei ikkje få lov til, meiner Naturvernforbundet.

Det er søkt om eit landanlegg for oppal av laks. Merdene kjem til å flyte med flo og fjøre. Tunnelane mellom sjøen og oppdrettsdammen har tverrsnitt som ein gymsal. Oppdrettsdammen er planlagt der svaberga er no.

Fisken krev friskt vatn. Sjøvatnet som blir tatt inn gjennom tunnelen frå havet vil vere 3 gonger normalvassføringa i Driva. Det blir sendt ut igjen i havet, ikkje fullt så friskt. I sjøen er det både tareskog og korallar som også er avhengige av reint vatn.

Sjølv etter reinsing blir det mykje møkk, tilsvarande at bønder kjem med ei 10 m3 stor gjødselvogn tre gongar i timen året rundt og pøser møkka på sjøen. Det tilsvarar kloakken frå 80% av innbyggarane i Møre og Romsdal. Kristiansund kommune held nettopp på å reinse opp i kloakken sin, noko dei bruker fleire hundre millionar kroner på, etter pålegg av norske styresmakter. Byen Kristiansund får altså ikkje lov, bøndene får ikkje lov. Det bør ikkje fiskeoppdrettsverksemda få lov til heller.

Det er elles få stader som eigner seg så godt til strandaktivitet som svaberga vestover frå Stavneset. Dette er eit alt for fint område til at ein kan sprenge dei vekk for å drive fiskeoppdrett.

Politikarane i Averøy skal no samle høyringsresultatet. Så kan kommunen velje om dei vil meine noko om saka. Det er val til hausten, så det kan vere friluftsfolket bør sjå litt på kven som meiner kva.

Høyringsfråsegnene sendast så til fylkeskommunen som rår over om søknaden får konsesjon. Statsforvaltaren skal også ha saka på sitt bord. Dei passar mellom anna på naturen og friluftslivet i saker som dette. Dessuten er det dei som rår over utsleppsløyvet.

Foto: Øystein Folden. Frå Stavneset mot Øksenvågen.

Nedanfor to fråsegner frå Naturvernforbundet i denne saka: