Ingen veg i fuglefredningsområde på Vigra

Naturvernforbundet i Ålesund og omegn har gitt fråsegn i samband med utvidinga av tryggleikssonene på Ålesund Lufthavn Vigra. Naturvernforbundet. Naturvernforbundet meiner på bakgrunn av dei store naturverdiane i området at det må vere heilt uaktuelt å legge opp til utbygging av veg inn i Blindheimsvik fuglefredningsområde, slik som Giske kommune har skissert i si høyring.

Naturvernforbundet vil framheve dei store naturverdiane rundt flyplassen på Vigra. Både Roaldsanden, Blinheimsvika, Rørvikvatnet og Rørvikvågen er verna som naturreservat, den strengaste verneforma. I tillegg er områda meldt inn til Ramsarkonvensjonen (den globale våtmarksvernekonvensjonen) som område Noreg har eit globalt ansvar for å overvake og passe på.

Naturvernforbundet har forståing for at enkelte reagerer på at dei kan misse den forbindelsen som fylkesveg 135 på vestsida av Vigra har vore. Vi meiner nok dette ”tapet” primært bør nyttast til å krevje utbygging av vesentleg meir gang- og sykkelveg på Vigra. Biltrafikken til og frå flyplassen har auka monaleg, det har også trafikken elles. Det er eit faktum at det i dag er to bilvegar, til dels med fartsgrense 80 km/h, over søre Vigra, samstundes som det manglar samanhengande gang- og sykkelvegnett på øya. Det å få på plass eit slikt gang- og sykkelvegnett frå Gjøsundet og nordover, er ei utfordring både Giske kommune, Avinor og Statens vegvesen bør ta større ansvar for å løyse.

Naturvernforbundet kan uansett ikkje akseptere forslaget om veg i dagen vest for flyplassen. Slik reguleringsplanen og føresegnene er utarbeidd no, kan det også sjå ut til at det berre blir gang- og sykkelveg på nordsida dersom Fv 135 blir stengd. Uavhengig av om det blir kulvert i vest eller om Fv 135 blir stengd, meiner Naturvernforbundet det må vere gang- og sykkelveg langs den omlagte vegen på nordsida av flyplassen.

Kjersti Finholt er leiar i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn. Ho har telefon 92 29 97 38. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Fråsegn frå Naturvernforbundet i Ålesund og omegn til Giske kommune

Høyringsbrev frå Giske kommune 3. juli 2008

Planprogram for utvidinga av tryggleikssonene på Vigra

Konsekvensutgreiing for utvida av tryggleikssonene på Vigra

Illustrasjonsplan

Behandling av saka i Giske kommune

Reguleringsplan – alternativ 1

Reguleringsplan – alternativ 2

Reguleringsplan – alternativ 3 (ikkje konsekvensutgreidd, ikkje detaljert)

Forslag til reguleringsføresegner til alternativ 1 (stengt veg vest for flyplassen)

Forslag til reguleringsføresegner til alternativ 2 (kulvert)

Planprogram for ny kommuneplan 2008 – 2020 for Giske

Forslag til samfunnsdel til ny kommuneplan 2008 – 2020 for Giske

Forslag til arealdel for ny kommuneplan 2008 – 2020 for Giske

Forslag til kart for kommuneplan for Giske 2008 – 2020

Dispensasjon til flytting av grense – naturreservat