Innføringa av personbillettar på Aukraferga er eit tilbakesteg

Avviklinga av ordninga med å berre løyse billett for bil på Aukraferga er minst tre skritt i feil retning, meiner Naturvernforbundet.

– Det er i alle si interesse at biltrafikken etter vegane får stimulansar i retning av å bli redusert, meiner leiar Øystein Folden i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal. – Når ferja tar billett for bil, men ikkje for personane, stimulerer dette til meir kompiskøyring og færre bilar etter vegane. Dette er ei ønska utvikling både klimamessig, ressursmessig og med omsyn til trafikktryggleik.

Naturvernforbundet ber i eit brev til Statens vegvesen om at ordninga med billettering berre av køyretøy held fram, og at dette blir gjeldande prinsipp for andre ferjestrekningar også.

Øystein Folden har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet

Les brevet frå Naturvernforbundet

Svar frå Statens vegvesen Region Midt 8. januar 2007