Innkalling til årsmøte i Naturvernforbundet i Sunndal

Etter samtale med nokre medlemmer av Naturvernforbundet i Sunndal har fylkeslaget i Naturvernforbundet tru på at det let seg gjere å starte opp att lokallag i Sunndal. Sunndal har store naturverdiar og det er mykje pågang på desse. Det finst og fleire hyggelege vinnersaker som det bør vere greitt å ta tak i. På dette grunnlaget kallar vi inn til årsmøte. Årsmøtet er fastsett til søndag 6.3.2005 kl. 19.00 på Nordlandia Hotell Sunndalsøra.

Saker, jf. vedtektene: – Val av ordstyrar – Styret si årsmelding (litt munnleg om det som har skjedd sidan sist årsmøte) – Revidert rekneskap (orientering om det som har skjedd sidan sist revidert rekneskap) – Saker som er framlagt av medlemmene *1 – Budsjett og arbeidsprogram (blir helst litt munnleg om dette) – Val av leiar/styremedlemmer (Tar sikte på val av 3 styremedlemmer utan leiar) – Val av utsendingar til fylkeslaget sitt årsmøte (som er i Molde 7.3.) – Nominasjon av lokallaget sitt medlem i fylkesstyret (er ein plass viss lokallaget vil møte) – Val av utsending til landsmøte (som er i Grenland 10.-12. juni) – Val av valkomite og revisor.

*1 Kontakt Øystein Folden, leiar av fylkesstyret, innan 4.3. om dette.

Alle som har betalt medlemskontingent til Naturvernforbundet siste år har røysterett.

Det ser elles ut til at det er nokon som er viljuge til å sitte i styret.

Viss det er tid til og ønskje om det, vil fylkesleiar kunne gje ei orientering om kva Naturvernforbundet tenkjer om energispørsmål i fylket og om minikraftverk.