Innkalling til årsmøte i Naturvernforbundet i Vestnes

Det første vanlege årsmøtet i Naturvernforbundet i Vestnes blir halde onsdag 25. februar kl. 1900 i Kommunestyresalen på Vestnes kommunehus. I løpet av det første året lokallaget har vore i drift, har dei klart å bli 72 medlemmer, men målet er 100 i 2009.

I innkallinga til årsmøtet skriv styret m.a.:

Det er mykje å ta tak i her i Vestnes, så me må sjølvsagt velje ut nokre få saker som me vil prioritere. Så langt har me konsentrert oss mest om strandsonevern, oppdrettsverksemd, ulovleg avfallsdumping og masseuttak. Me har òg kome med innspel til planane om motorkrossbane i Øveråslia og ei eigedomsoverdraging ved Skorgeelva. I dei fleste sakene har me fått god dekning i media, noko som er svært avgjerande for å få spreidd bodskapen om kor viktig det er å ta omsyn til natur- og miljø.

Vestnes kommune er den kommunen i Møre og Romsdal som gjev flest dispensasjonar frå forbodet mot bygging i 100-metersbeltet. Denne praksisen kan ikkje halde fram, og det må setjast strengare krav til korleis nausta i kommunen skal sjå ut. Oppdrettsverksemda har ekspandert kraftig dei siste åra, slik at me no kan sjå oppdrettsanlegg på fjorden dei fleste stadane. Ein veit enno ikkje sikkert kva negative konsekvensar dette vil ha for det naturlege økosystemet, så då er det kanskje best å vere føre var? Ulovleg dumping av avfall er eit anna stort problem me har i Vestnes. Dette er dumping som har gått føre seg i ei årrekkje og som difor inneber ei svært omfattande opprydding. Naturvernforbundet har i fyrste omgang vald å registrere avfall langs vassdraga.

Masseuttaket på Furneset kan bli eit av dei største naturinngrepa i Vestnes, så at me engasjerar oss mykje i denne saka, er sjølvsagt. Eit såpass urørd og verdifullt område må takast vare på, både for vår eigen del og for komande generasjonar. Me i Naturvernforbundet har ikkje store eigeninteresser i sakene, iallfall ikkje økonomisk. For oss handlar det om heilt andre verdiar. Me meiner ikkje at samfunnsutviklinga skal stoppe opp, men det gjeld å gå i rett retning ved å tenkje nytt, langsiktig og berekraftig.

Me kjem ganske sikkert til å jobbe med mange av dei same fagområda i åra som kjem. Men me har òg planar om å setje i gang eit fuglekasseprosjekt og arrangere medlemsturar ol. som i hovudsak er retta mot born og unge. Er det er interesse for dette, kan me kanskje etablere ei Miljøagentgruppe her i Vestnes? Miljøagentene er borna sin miljøvernorganisasjon: ”Jeg er ikke sint, bare veldig, veldig skuffet..” (www.miljoagentene.no)

Ein stor del av jobben vår er å bidra med informasjon til kommuneadministrasjonen, politikarane og innbyggjarane i kommunen. Omsyn til natur og miljø blir lett gløymd, og det er ikkje alle som har kunnskapen som trengs for å ta dei rette avgjerdene. Men det har skjedd mykje positivt etter stiftinga av Naturvernforbundet i Vestnes, noko me er svært glade for. Kommunen prøvar å ordne opp, politikarane er villige til å lytte til kva me har å seie og folk melder seg inn og gjev oss ros for den jobben me gjer.

Frist for innmelding av saker til årsmøtet er onsdag 18. februar! Send til vestnes(a)naturvern.no.

Leiar i Naturvernforbundet i Vestnes er Bernt Gjelsten, han har telefon 97 18 60 58.
Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet


Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les årsmøteinnkallinga

Referat frå årsmøtet