Innkalling til årsmøte i Naturvernforbundet i Vestnes

Naturvernforbundet i Vestnes har årsmøte onsdag 9. mars 2011 klokka 1800 i formannsskapssalen i Kommunehuset.

Saklista ser slik ut:

1) Val av ordstyrar.

2) Årsmelding 2010 frå styret.

3) Revidert rekneskap for 2010.

4) Budsjett og arbeidsprogram for 2011.

5) Valg av styremedlemmer.

6) Valg av valkomité og revisor.

7) Val av representant til styret i Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

8) Valg av delegat til Landsmøtet i Norges Naturvernforbund på Hamar 26. – 28. august 2011

9) Saker fra styret: Vestnes kommune må sørge for miljøsertifiserte innkjøp

10) Saker som er framlagt av medlemmene innan 23. februar

 

Dei som ønskjer å ta opp ei sak bør sende denne til lokallaget, t.d. på epost vestnes@naturvern.no.

Det vart tidlegare i år bestemt att me ikkje kallar inn via utsendt årsmelding og innkalling pr post til medlemsmassa. Generelt tek dette ein dag med arbeid og det er lite miljøvennleg og fordyrande å sende ut så mykje papir. Årsmøtet har difor i år vorte annonsert i: Naturvest, Vestnes kommune sine heimesider samt diverse nettstader og på heimesida vårt.

Valkomiteen si innstilling til styre vert følgjande:

Svetlana Dobler – kasserar – 1 år
Trygve W Moxness – styremedlem – 1 år
Lars Terje Augdal – styremedlem – 2 år – miljøagentarbeid
Hilde Ødegård – styremedlem – 1 år –
Holger Hestetræet – styremedlem – 2 år – kontaktperson
Armann Helgason – styremedlem – 2 år

Fylkeslagsrepresentant: Bernt Gjelsten

Revisor: Skafti Ingi Helgason

Ut av styret: Monika Solevågseide Torbjørn Frostad og Bernt Gjelsten