Innspel til arbeid med reguleringsplan for gang- og sykkelveg Hjelset – Oppdøl – Skjevikåsen

Naturvernforbundet er glade for at det blir satt igang arbeid med å få på plass ein trygg gang- og sykkelveg mellom Hjelset og Skjevikåsen / Vikamyra.

Molde kommune har meldt oppstart av plan for bygging av trygg gang- og sykkelveg mellom Hjelset og Skjevikåsen/Vikamyra.

Naturvernforbundet ber om at kommunen innarbeidar følgjande:

– Ikkje legg gang- og sykkelvegen langs riksvegen. Dette for å unngå støy og usunn luftkvalitet frå biltrafikken.

– Velg kortast mogeleg trasè. Legg gang- og sykkelvegen oppe i åssida, men unngå for bratt stigning.

– Bygg ein undergang for kryssing av riksvegen mellom skulen og butikken.

– Gang- og sykkelvegen må førast vidare forbi butikken, og knytast på gangvegen til bustadfeltet i Hungnesmarka.

– Energibesparande løysingar for belysning: sparepærer og løysingar for behovstilpassa lys.

Astrid Buset er leiar i Naturvernforbundet i Molde. Ho har telefon 48 27 67 98.

Les heile fråsegna frå Naturvernforbundet