Innspel til omregulering av Øran Vest på Åndalsnes: Kammen

Naturvernforbundet gir i eit brev til Landskapsarkitekt MNLA Roger Tokle AS innspel til forslag om reguleringsendringar for Øran Vest på Åndalsnes. Naturvernforbundet er opptatt av friluftsområdet Kammen.

Friluftsområdet Kammen ligg sentrumsnært og har ein storleik som saman med dei naturgitte kvalitetane representerer eit svært verdifullt grøntområde. All reduksjon av dette området representerer tap av verdiar for friluftslivet som det ikkje lar seg gjere å erstatte. Framlegget til endring vil i dette høvet gjere at industrien kjem nærare dei sentrale delane av Kammen. Der det i dag er luft og buffer mot omgjevnadene vil det bli trangare og mindre fritt utsyn. Dette er den nest alvorlegaste verknaden av tiltaket, meiner Naturvernforbundet i Rauma og Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

For meir informasjon kan Øystein Folden kontaktast på telefon 91 81 25 42, Gunn N. Morstøl har telefon 93 26 43 41. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les brevet frå Naturvernforbundet