Inntrykk etter synfaring i Sunnylven
– Det er viktig at Naturvernforbundet held på sitt syn om at disse må nektast konsesjon, og at ein må få verna heile Langedalsvassdraget. Det skriv Per Ingebrigt Karbø som representerte Naturvernforbundet i Møre og Romsdal på to synfaringar fredag 22. september 2006.
Synfaring Ringdal kraftverk 22/9-2006:
Alternativt utløp i Langedalselva og kryssinga av Trondhjemske postveg diskutert. Evt. nedgravet røyr eller sprengt tunnel forbi Bygdetunet. Plassering av kraftstasjon sprengt i fjell, eller i dagen ved Langedalselva. Kabel til trafo i stolpe. Atkomstveg ned frå riksveg 60.
Vi køyrde til inntaket. Vegen skal opprustast frå Ringdal til inntaket. Kort veg ned til inntaksdam. Demning, nedgravet røyr eller sprengt i fjell ned heile jølet.
Vi såg på trase ved Humlemyra. Djupt jøl.
Diskuterte vassverk som kommunen skal lage, og evt. om det skal konsesjonshandsamast.
Diskuterte problematikk kring linjenett. Dersom alle tre omsøkte kraftverk i Langedalselva får konsesjon, må linja Tryggestad-Tomasgard forsterkast eller byggjast om.(Dette i følgje repr. frå Stranda energiverk.) Auka straumtransport gir varmeutvikling og auka motstand i straumleiarane.
Synfaring Sætredalen kraftverk 22/9-2006:
Gikk stien opp til inntaket. Hard tur (for nokre) opp gjennom bjørkebeltet, på fin sti. Inntaket er planlagt over skoggrensa, der terrenget flater ut. Evt alternativt inntak ved å la liten bekk kome nedafor inntaket.
Såg på røyrtraseen ned gjennom lia. Framlegg om å svinge nordover og lage kraftstasjonen lenger nord enn på konsesjonssøknaden.
Dei fleste var einige om at det store problemet med dette kraftverket var landskapsbildet. Den flotte fossen ned lia er landemerke, og svært synleg.
Olje- og energidepartementet sitt vedtak om Ringdal kraftverk