Interesser bak uttaler til minikraftverk (slik Naturvernforbundet ser det)

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Når nokon vil bygge eit minikraftverk, så skal søknaden ut på høyring. Det er mange som har rett til å seie noko. Kva interesser ligg bak dei forskjellige aktørane? Får desse sakene ei handsaming som ivaretek alle omsyn, eller er det nokon som fell igjennom? For konsesjonssøknader blir 49 av 50 saker innvilga. Det får oss til å undrast.

Kommunen har – interesse av å skape arbeidsplasser – interesse av å skape skatteinntekter – interesse knytt til auka utbytte i kommunale kraftselskap – lokal miljøvernmyndigheit (men berre 1 av 10 kommunar har miljøfagleg utdanna person til å arbeide med dette på heiltid)

Medlemmer av kommunalt organ kan ha ulike bindingar til energiproduksjon: – Medlem av styret til kommunalt eigd kraftselskap – Eigar av eige kraftverk – Eigar av fallrettar som kan søkjast om til minikraftverk

Kor mange politikarar gjer seg til talsmenn for naturverdiane i desse sakene?

Fylket er – regional miljøvernmyndigheit – regional kulturminnevernmyndigheit

Øverste leiar i fylket, fylkesordførar Jon Aasen har vedtatt at det er mangel på energi og vil bygge ut alt. Kor lett er det å vere fagavdeling og seie sjefen midt i mot?

Turistforeninga – uttaler seg om korleis tiltak virker på turruter, hytter og friluftsliv.

Norsk ornitologisk forening – uttaler seg om korleis det kan gå med fugl

Norges jeger- og fiskerforbund – uttaler seg om korleis tiltak slår ut for jakt og fiske

Naturvernforbundet – uttaler seg til korleis eit tiltak vil påverke natur, naturopplevingar og biologisk mangfald.

Til slutt skal NVE gjere eit vedtak i saka. NVE skal vurdere om fordelen med tiltaket er større enn ulempene, som eit vilkår for å kunne gje konsesjon. Kva har så NVE gjort tidlegare med saka? – NVE har gjennomgått vassdraga i Noreg for å finne ut kva vassdrag som kan vere lønsame å bygge ut, utan å ta stilling til om det er t.d. naturverdiar i vassdraget. – NVE har turnert Noreg for å halde seminar for potensielle søkjarar for minikraftverk. – NVE driv hydrologiske utgreiingar for å dokumentere potensialet i utbyggingar. – NVE har som mål å skaffe straum nok – så mykje vi vil ha.

KONKLUSJON: Samfunnet si rolle for å ta vare på naturverdiar er i stor grad overlete til Naturvernforbundet, som eit dugnadsprosjekt. Alle dei øvrige lokale offentlege organa si handsaming av saka har andre interesser som gjer at naturverdiane kjem mykje eller heilt i skuggen. ER DETTE EI FORSVARLEG SAKSHANDSAMING?

Øystein Folden Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal Telefon 91 81 25 42 Epost moreromsdal(a)naturvern.no