Invitasjon til samferdselsseminar
Naturvernforbundet har den siste tida fått fleire spørsmål om dei mange samferdselssatsingane i vår region og kva natur- og klimakonsekvensar desse vil ha. Dette ønskjer vi å få fram, samstundes som vi som frivillige naturvernarar treng litt råd og tips om korleis vi kan arbeide for å få miljøomsyn og omsynet til mjuke trafikantar og…
Vi ønskjer difor å invitere medlemmer og andre interesserte til eit samferdselsseminar:
TID: LAURDAG 17. JANUAR 2015 KL. 1000 – 1600
STAD: ALEXANDRA HOTELL, MOLDE
Program:
Innleiingar:
Lage Lyche, Møre og Romsdal fylkeskommune: Presentasjon av bypakkene og E39-planane i Møre og Romsdal og miljøkonsekvensane av desse
Aud Tennøy, Transportøkonomisk institutt: Areal- og transportplanlegging på miljøets premisser
Holger Schlaupitz, Norges Naturvernforbund: Natur- og miljøkonsekvensar av samferdselstiltak. Naturvernforbundet og samferdselsarbeid.
Diskusjon og spørsmål.
Meir informasjon om innleiarane og programmet vil du etterkvart finne på www.naturvernforbundet.no/moreromsdal.
Det er gratis å delta på seminaret, men av omsyn til rom- og lunsjbestilling ber vi om påmelding på epost foldengp@start.no innan tysdag 13. januar.
Vi håper å sjå flest mogleg medlemmer og andre miljøinteresserte på denne samlinga!