Invitasjon til samferdselsseminar

Naturvernforbundet har den siste tida fått fleire spørsmål om dei mange samferdselssatsingane i vår region og kva natur- og klimakonsekvensar desse vil ha. Dette ønskjer vi å få fram, samstundes som vi som frivillige naturvernarar treng litt råd og tips om korleis vi kan arbeide for å få miljøomsyn og omsynet til mjuke trafikantar og kollektivtransport sterkare inn i den debatten som no går om bypakkar, fergefri E39 og ymse andre vegutbyggingar.

Vi ønskjer difor å invitere medlemmer og andre interesserte til eit samferdselsseminar:

TID: LAURDAG 17. JANUAR 2015 KL. 1000 – 1600

STAD: ALEXANDRA HOTELL, MOLDE

Program:

Innleiingar:

Lage Lyche, Møre og Romsdal fylkeskommune: Presentasjon av bypakkene og E39-planane i Møre og Romsdal og miljøkonsekvensane av desse

Aud Tennøy, Transportøkonomisk institutt: Areal- og transportplanlegging på miljøets premisser

Holger Schlaupitz, Norges Naturvernforbund: Natur- og miljøkonsekvensar av samferdselstiltak. Naturvernforbundet og samferdselsarbeid.

Diskusjon og spørsmål.

Meir informasjon om innleiarane og programmet vil du etterkvart finne på www.naturvernforbundet.no/moreromsdal.

Det er gratis å delta på seminaret, men av omsyn til rom- og lunsjbestilling ber vi om påmelding på epost foldengp@start.no innan tysdag 13. januar.

Vi håper å sjå flest mogleg medlemmer og andre miljøinteresserte på denne samlinga!