ISKI – riktig og viktig?

Naturvernforbundet i Rauma ser med bekymring og forundring på planene om skitrekk til Steinberget i Isfjorden. Vi kan ikkje sjå at dette er noko som kan kallas riktig og viktig.

På ISKI si heimeside står det at dette ”området er i dag et eldorado for fjell- og skiturer”. Naturvernforbundet i Rauma er heilt einige. Derfor meiner vi også at ytterlegare „tilrettelegging“ er totalt unødvendig og ein heilt feil politikk.

Fjellfestivalen og Romsdalsvinter har bidratt til at dette området er i ferd med å bli meir og meir kjent på landsbasis. Kyrkjetaket er nok ein av dei mest besøkte toppane vinterstid her i kommunen, kanskje den mest besøkte. Berre i løpet av Romsdalsvinter-helga gjekk det titalsvis av deltakarar dit i temmeleg dårleg ver, heilt frå Øvre Kavli. Potensialet for auka skiturisme i kommunen er her allereie, det er ikkje behov for investeringar til fleire hundre millionar. Investeringar som i tillegg vil bidra til å senke verdien på det området ein vil selge!

ISKI har sagt dei vil ”frede” Kyrkjetaket. Å anlegge skitrekk, hotell og ”funpark” midt i innmarsjløypa til fjellet er ei merkeleg form for fredning. I tillegg er jo det berørte området også midt i innmarsjen til tre andre populære fjell i same område. Planene som innbefatter inngrep i området Steinberget er derfor av dramatisk karakter. Området vil bli kraftig forandra frå bortimot urørt natur til veldig utbygd natur. Naturvernforbundet i Rauma tar avstand frå at merkelappen ”grønt og miljøvennlig” blir brukt i denne samanheng!

Vi kan veldig snart oppleve at dette er eit prosjekt våre folkevalde kan måtte ta stilling til. Naturvernforbundet i Rauma minner om kommunen sin visjon om at Rauma skal vere verdas beste kommune for naturglade menneske! Skal ikkje visjonen miste alt innhald og truverd så kan ikkje eit sånt prosjekt gå gjennom. Naturvernforbundet i Rauma vil følge opp visjonen og korleis denne blir etterlevd!

Rauma kommune har eit enormt potensiale til å bli ein kommune som trekk til seg gjestar og tilflyttarar med vår ganske urørte natur og vårt unike friluftslivmiljø. Å legge eit tvers i gjennom kommersielt anlegg som dette (som du finn over alt ellers i landet) til kanskje den vakraste delen av naturen i kommunen, vil berre bidra til at kommunen skiller seg mindre ut i mengda. Dette vil vere stikk i strid med merkevarebygginga som pågår etter Naturvernforbundet i Rauma sitt syn.

For Naturvernforbundet i Rauma

Hallgeir Gjerdset

Torvik 11. april 2007 Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet