Ivrige naturvernarar på oljevernkurs
Helga 15. – 17. september arrangerte WWF Norge oljevernkurs på Aukra. Fleire av deltakarane var frå Møre og Romsdal.
WWF Norge byggjer opp eit frivilleg oljevern i Noreg, med særleg vekt på strandsonerensing. Kurset var ei bra blanding av teori og praksis, i flott ver.
Naturvernforbundet vil forsøke å få arrangert fleire oljevernkurs i Møre og Romsdal, men då treng vi støtte frå private og offentlege aktørar.
Ta kontakt med Øystein Solevåg på telefon 40 23 47 05 eller epost moreromsdal(a)naturvern.no om du ønskjer meir informasjon.