Jakt i tilknytning til reservat – Naturvernforbundet samlar røynsler

Miljøverndepartementet har bede Direktoratet for naturforvaltning om å vurdere endringar i reglane når det gjeld jakt i nærleiken av reservat. Naturvernforbundet ber dei som har negative røynsler med slik jakt om å melde frå.

Bakgrunnen for saka er at Naturvernforbundet har registrert uheldig jakt rett utanfor eit fugle- og våtmarksreservat.

Dei som har liknande røynsler kan melde frå til Naturvernforbundet på telefon 91 81 25 42 eller epost moreromsdal(a)naturvern.no.

Brev frå Miljøverndepartementet til Direktoratet for naturforvaltning 19. januar 2007