Jakta – klage tatt til følgje

Ørsta og Volda kommunar gav løyve til landing med helikopter på Jakta. Det ville ikkje Statsforvaltaren ha noko av.

Eit firma som legg til rette for filming i naturskjøne område søkte den 18.7.2022 Ørsta og Volda kommunar om å få lande med helikopter på Jakta 24. – 25.7.2022, for å sjå om det var ein bra stad å filme.

Kommunane samarbeidde om saka som ligg på kommunegrensa, og gav ja den 22.7., etter at Naturvernforbundet hadde fått saka til høyring.

Naturvernforbundet meinte at dei burde kunne gå opp på Jakta i staden for å forstyrre ein heil del turgåarar når dei først og fremst skulle sjå seg om, og klaga på vedtaket 27.7.

Statsforvaltaren avgjorde klaga 14.11.2022. «Vi finn at omsøkt landing med helikopter for å synfare moglege lokalitetar for filminnspeling ikkje ligg innanfor kravet til særlege grunnar i motorferdsellova § 6.»

Foto: Solveig Festø.