Jazzgass og miljø
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal meiner programmet for Jazzgass, eit samarbeid mellom Moldejazz og Møre og Romsdal fylkeskommune, har fått noko politisk «slagside». To oljeselskap er inviterte. I eit brev til arrangørane seier leiar Øystein Folden at det er naturleg og å ha eit innlegg som seier noko om kva rammer miljøet og ønskja om…
Les brevet:
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal
Storgata 50
6413 MOLDE
29. april 2004
Jon Aasen
Møre og Romsdal fylke
Fylkeshuset
6404 MOLDE
JAZZGASS OG MILJØ
Naturvernforbundet i Møre og Romsdal har sett at Møre og Romsdal fylke og Moldejazz inviterer til Jazzgass i år også. Det er bra at fylket og festivalen nyttar høvet til å samarbeide. Naturvernforbundet synest likevel at programmet til Jazzgass slik det ser ut no har fått noko politisk ?slagside?. Vi trur ikkje fylket og Moldejazz er tent med denne manglande objektiviteten.
Miljøet set klåre rammer for kva næringsutvikling som er framtidsretta. Usleppa frå bruk av fossilgass er viktige bidrag til menneskeskapte klimaendringar. Det ville difor vere heilt naturleg at det på Jazzgass var eit innlegg som sa noko om kva rammer miljøet og ønskja om berekraftig utvikling set når det gjeld bruk av gass i Noreg. Dette manglar no! Derimot er to oljeselskap inviterte.
Vi vil difor foreslå at Lars Haltbrekken, nestleiar i Norges Naturvernforbund, også blir invitert til å halde innlegg på Jazzgass. Haltbrekken har dei siste ti åra vore den mest sentrale miljøvernaren i Noreg når det gjeld arbeid med gass. Lars Haltbrekken har epost lars.haltbrekken@online.no og telefon 91 61 21 91.
Med helsing
Øystein Folden
l