Jerv – hjelper det å klage?

Rovviltnemnda vedtar store kvoter. Statsforvaltaren gjev skadefellingsløyve. Det er faktisk mogleg å gjere noko med det.

Forvaltingsplan for store rovdyr seier at det i Møre og Romsdal er mål om 3 årlege ynglingar av jerv. Nasjonal politikk går på at desse ynglingane vil ein helst ha i forvaltingsområdet. I forvaltingsområdet kan ein sleppe beitedyr, men det skal skje på jerven sine premiss. I beiteprioritert område skal det ikkje vere ynglande jerv, men det er ingen garanti for at det er heilt fritt for jerv. Viss jerv gjer skade på husdyr i beiteprioritert område, er det praksis for at det er låg terskel for å gje skadefellingsløyve .

Kvart år kring månadsskiftet mai-juni vedtar rovviltnemnda kvoter for jervjakta. Kvota blir fordelt på forvaltingsområdet for jerv og beiteprioritert område.

Naturvernforbundet har klaga på at nemnda gjev kvote på basis av at det er 3 ynglingar. Det må vere først når vi er over ynglemålet, dvs. minst 4 ynglingar i forvaltingsområdet, at det kan vere aktuelt med lisensjakt.

Naturvernforbundet har også klaga på at Statsforvaltaren dei siste åra har hatt omtrent lik praksis for skadefellingsløyve anten det er i forvaltingsområdet eller i beiteprioritert område.

I to vedtak i løpet av hausten har Naturvernforbundet fått gjennomslag i klager på desse punkta. Du kan lese Naturvernforbundet sine klager og vedtaka i sakene nedanfor.