Jerv og sau er vanskeleg

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Ein ting kan vi slå fast: Også etter dette lesarbrevet er vi ikkje komne i mål. Men det er viktig at vi prøver å finne ut av ein del grunnleggande spørsmål for å kome vidare.

Frå fleire av kommunane er det no krav om at det ikkje skal vere ynglande jerv i Trollheimen. Er det eit krav som kan gjennomførast? Naturvernforbundet er sikker på at det frå landbrukshald, moglegvis med ei handfull unnatak, finst krav om det same for alle område med jerv i Noreg. Viss det skal vere styrande for norsk jervepolitikk skal vi då moglegvis ha fleire hundre jerv, men dei skal ikkje bli fødde nokon plass. Dei skal berre vere der. Det skjønar saueeigarar betre enn dei fleste ikkje går an. Dei skjønar også godt at det må til eit visst tal jerv for at det ikkje skal bli innavl. Skal det vere jerv i norsk natur, kan vi difor konkludere med at det må til i alle fall eit tresifra tal jerv i Noreg, og ein del av dei må yngle. Er vi ikkje samde om dette grunnleggande punktet, då vil vi nok aldri bli samde.

Spørsmålet blir då kvar desse skal yngle og korleis vi innretter oss etter dette. Då er det også nokre prisipp vi må halde oss etter.

1. Jerven les ikkje kart og har ikkje halsband som fungerer som elektrisk gjerde. Dvs. at jerven i alle fall langt på veg må få velje område, og så må vi menneske innrette oss etter det. Det er hardt å innsjå at det er noko vi menneske ikkje kan styre.

2. Jerven har ein plass i økosystemet. Ein reinbestand vil over tid misse genetisk kvalitet om ikkje jerven får jakte på og fjerne dei svakaste dyra. Jaktutbyttet er også ein føresetnad for fjellreven. Utan åtsler etter jerven sine tokt har ikkje fjellreven ein sjanse. Det er godt mogleg at jerven har ein verknad når det gjeld hjort og rådyr også, sjølv om det helst er andre rovdyr som er meir nærliggande for dei. Dessutan må vi rekne med at det er ein del samanhengar vi ikkje har oppdaga til no.

Kva gjer vi så med landbruket og kulturlandskapet? Vi tener stadig meir og vi vil ha varene våre stadig billegare, eit paradoks i seg sjølv. Det går ut over arbeidsintensive sektorar. Det offentlege slit med skule og omsorg, og landbruket blir eit industrilandbruk. Vi vil ikkje ha det slik, men ved neste lønsforhandling krev vi meir, og på visse område blir det verre og verre å få ting til å henge saman. Når EU og WTO vil ha eit ord med i laget, manglar vi snart virkemiddel til å halde liv i den tradisjonelle bonden. Det er på tide at vi ser dette frå ein annan kant.

Samfunnet vårt er opptatt av kulturlandskapet. Ein del av det er også miljømessig viktig å ta vare på. I staden for å krangle med EU og WTO for å ha ordningar som gir Eystein Opdøl og andre saueeigarar tilskot av ymse slag gjennom Landbruksdepartementet for å levere sauekjøt kan vi vel kjøpe landskapstenester over Miljøverndepartementet sitt budsjett i staden? EU klapper for alle middel som blir brukt til miljøtiltak, og dette ligg i stor grad utanfor WTO sitt område også.

Heilt sikkert er det at vi ikkje kan vedlikehalde kulturlandskapet i same grad som i 1900 då arbeidskrafta var på «kinesisk» lønsnivå og det berre var å pøse på med det som trongtest. Men det kan vere eit mål å velje ut ein del landskap det er viktig å pleie. I det praktiske arbeidet er Naturvernforbundet visse på at ein gardbrukar med firbeinte hjelparar har ein stor fordel framfor entreprenørar. Viss Miljøverndepartementet ber om å få tilbod på landskapsvedlikehald i Innerdalen, kven har då størst føresetnad for å kunne levere dette? Kan hende er det ikkje behov for så mange sauer, men heller nokre fleire hender og aller helst folk og sau i lag. Kan hende går det an å vere lukkeleg som bonde sjølv om han ikkje gjer det heilt på same måten som til alle tider.

Øystein Folden

leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen