Jobb nr 1

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Bortsett frå ein månad rett før valet har klima vore eit hovudtema i media heile dette året. Det kjem til å halde fram anten vi vil det eller ikkje. Når det gjeld arbeidet som står framføre så er det meir enn nok arbeid til oss alle. Både Jens og Bush og kinesarane har ein jobb å gjere, men vi kan jo begynne litt med oss sjølve.

Vi har tre alternativ vi kan velje mellom:

– Halde fram festen til skuta går ned. Titanic-alternativet er ikkje Naturvernforbundet si løysing.

– Gje bort ein fjerdedel av inntekta vår og greie oss med det som er att. Då er vi nede på forbruket i 1991 som er Kyotomålet. Eigentleg berre ein start, men eit viktig steg likevel.

– Skaffe oss kunnskap så vi kan gjere alle dei rette vala. Det er ein stor jobb, og kan hende mykje vanskelegare enn å gje vekk ein god slump pengar. Veit du ikkje kvar du skal begynne, så gå inn på www.naturvern.no der du både kan lære og du kan melde deg inn som medlem i Naturvernforbundet.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal

Kontakt Øystein Folden på 91 81 25 42 for meir informasjon. Ja, dette er ein viktig sak! Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen