Jordbær

Lesarinnlegg frå Naturvernforbundet i Møre og Romsdal.

Store, raude og søte. Det er ikkje så rart at mange vil ete jordbær. Den tida er dessutan nesten slutt at folk gikk i vegkanten eller i beitemarka og plukka seg ville markjordbær. Det er i alle fall rikeleg med ville bær mange stader.

Vi menneske har gjort som vi pleier. Markjordbæra var fristande. Jakta på store markjordbær og kan hende andre jordbær starta. Mange bær var det viktig at det skulle vere. At dei skulle vere gode å ete og gode å sylte var også noko.  Utvalde blei dei etter kvart. Det var heller ikkje nok å ha ei plante i hagen. Enkelte bønder fann det interessant å dyrke jordbær for sal til nærmarknaden.

Ein liten teig er ikkje lenger interessant, no er det nærast heile kommunar som driv med jordbær,  areala med jordbær er så store at det er jordbær så langt ein ser, og når det går skeis med jordbærprodusenten, då får det verknad for halve landet.

Naturen som var heimen til markjordbæret er framleis føresetnaden for det vi kan putte i munnen. Men naturen er innretta for å vare evig, og det er ikkje måten vi dyrkar jordbær på. Når vi presser plantene til å gi størst mogleg avling, og vi avlar dei i monokultur der det ikkje finst så mykje anna enn jordbær, der melder det seg problem. Problem som jordbærbonden har sprøyta seg vekk frå i ein del år. Men det er ingen varig måte å lure naturen på. På Sørlandet ser det no ut til at jordbærbonden slit med å oppretthalde sitt uhaldbare system. No ropast det etter å få løyve til å bruke sprøytemiddel som blei forbode for 20 år sidan. Er vi verkeleg der at det er viktigare å kjøpe rimelege jordbær enn kva det blir sprøyta med?

Vi kan antakeleg like godt innsjå det først som sist. Mange jordbrukskulturar er naturstridige i alle fall, men blir veldig naturstridige når det går føre seg på store, samla areal. Før eller seinare må vi nok finne oss i å innrette oss etter dei rammene som naturen set, og då er mykje mindre teigar og blanda produksjonar truleg einaste farbare vegen. Det blir eit anna jordbruk enn det vi har no. Maten vil koste meir av arbeidsinntekta vår. Men vi kan bli mette også i framtida. Det er kanskje det vesentlege. Ta «jordbærkrisa» som eit varsel om at vi må gjere det annleis når vi skal hauste av det naturen gir oss. Vi har ei klimakrise også, så det er meir som skal bli annleis framover. Vi må gjere nokre val og jobbe med det som er viktig.

Øystein Folden

Leiar, Naturvernforbundet i Møre og Romsdal