Juleverkstad for Miljøagentane i Molde
Søndag 25.november arrangerte Miljøagentane i Molde juleverkstad på Romsdalsmuseet.
![](https://naturvernforbundet.no/content/uploads/sites/14/2012/11/juleverkstad203.JPG2028articlelist29.jpg)
Her vart det produsert honninglys, adventskalendarar, julelenker og mykje meir. Både store og små var i full vigør denne ettermiddagen og fekk unna mange av årets julegåver.
Dette var det tredje året at Miljøagentane i Molde arrangerte juleverkstad.