Jutvika hyttefelt i Tingvoll – potensial for forbetringar

Naturvernforbundet i Tingvoll har gitt fråsegn til reguleringsplana for Jutvika hyttefelt.

Naturvernforbundet fant noko potensial for forbetringar som kan gjere dette prosjektet litt betre både for dei som vil ha hytte og alle dei andre. Ikkje minst er det grunn til at hytteprosjekt i økokommunen Tingvoll også får eit aldri så lite økopreg.

Viss kommunen lager ein form for rettleiar til dei som planlegg hyttefelt, er det jo nokre punkt i det Naturvernforbundet skriv som godt kunne ha vore med til generell bruk: energibruk/straumbruk, stadeigen vegetasjon, krav til Svanemerka impregnering, båtgarasje trekt unna strandsona og tilrettelegging for busshaldeplass er vel punkt som eignar seg i så måte.

Øystein Folden er leiar i Naturvernforbundet i Tingvoll. Han har telefon 91 81 25 42. Ja, dette er viktig. Eg vil bli medlem i Naturvernforbundet

Eg vil gjerne støtte arbeidet Naturvernforbundet gjør for å ta vare på naturen

Les fråsegna frå Naturvernforbundet