Kan bussen og busspassasjerane få reiste gratis på ferga?
Statens vegvesen vil drive fergesamband mellom Ålesund, Ellingsøya og Valderøya i femten månader framover. Naturvernforbundet spør om rutebussar og busspassasjerar kan få reise gratis med fergene.
Når bompengene fell vekk i Ålesundstunnelane frå 2009 fryktar Naturvernforbundet ei kraftig trafikkauke i Ålesund, med auka forureining som følge. Det er difor viktig å legge til rette for at fleire reiser kollektivt. Dette arbeidet må starte før bompengeperioden for Ålesundstunnelane tar slutt dersom vi skal sikre at det blir etablert eit attraktivt kollektivtilbod.
I konkurransegrunnlaget frå Statens vegvesen for drift av fergesamband er det lagt opp til at innkreving av billettar skjer etter Riksregulativet for ferjetakstar. I det regulativet som gjeld frå 1. januar 2007 må både bussar og busspassasjerar betale full pris på ferga.
Samstundes heiter det i konkurransegrunnlaget at ”Denne anskaffelse er basert på bruttokontrakt, dvs at Statens vegvesen kjøper inn drift av ferjerute og hvor inntekten av billettsalg tilfaller Statens vegvesen.” Ut frå dette burde det vere mogleg for Statens vegvesen på eige grunnlag å gjennomføre eit unntak for busspassasjerar og bussar i rute. Dette bør også gi grunnlag for å sette inn lågare kapasitet i sambandet.
No er det ikkje noko mål for Naturvernforbundet å gjøre flytrafikken meir konkurransedyktig, men allereie med den flytrafikken som går over Vigra i dag, trur Naturvernforbundet det er liten tvil om at det ved å sjå lokaltilbodet i Giske og tilbringartenesta til flyplassen i samanheng bør vere grunnlag for ei vesentleg utviding av busstilbodet mellom Ålesund, Sula, Skodje, Haram og Giske. Vi ser difor ingen grunn til å skille mellom flybuss og lokalbuss når det gjeld fritak på fergene.
Naturvernforbundet oppmodar difor Statens vegvesen til å sikre at busspassasjerar og bussar i rute får høve til å reise gratis i fergesambandet i dei femten månadene dette er aktuelt.
For meir informasjon kan leder Kjersti Finholt i Naturvernforbundet i Ålesund og omegn kontaktast på telefon 92 29 97 38.
Ja, dette er viktig. Jeg vil bli medlem i Naturvernforbundet
Jeg vil gjerne støtte arbeidet til Naturvernforbundet
Les brevet frå Naturvernforbundet til Statens vegvesen