Kan eg parkere her?

Kan det vere at tilgangen til areal for friluftsliv blir vanskelegare når vegane blir rusta opp? Kor mykje skal til for at friluftslivet får enklare tilgang til friluftsareal? Dette har Naturvernforbundet undersøkt langs riksveg 70 mellom Skjevlingsnes og Ålvundfossen. Går ein gjennom rapporten og vedlegga, så finn ein kanskje det mest hemmelege veg – og sjønære friluftslivsarealet i Tingvoll. God tur!

Viss ein ønskjer å bruke naturen til tur og friluftsliv – må ein gjere det med utgangspunkt i ein stor og tilrettelagd parkeringsplass, eller er det mogleg også andre stader? Det er jo både skog, fjord og fjell langs etter vegen. Men er det mogleg å få bruka desse areala? Veldig ofte dreier det seg om å kunne parkere. Nokre stader står det ein M eller ein buss på lomma, og då veit ein at ein får halde seg unna. Står det ein P så kan ein vere ganske sikker på at ein kan stå der ein dag utan at ein finn bilen bak ein vedpall utpå ettermiddagen.

På nokre strekningar er det parkeringsplass, men lite attraktivt turterreng. Andre stader er det turterreng, men ein må hoppe av bussen i fart om ein skal få brukt det.

I ein del høve finst det truleg parkeringsplass, men det er ikkje merka og mange vil la vere sidan dei ikkje veit om det går an.

Naturvernforbundet si undersøking av riksvegen mellom Skjevlingsnes og Ålvundfossen avslørar at det ikkje skal til så mykje før det er mogleg å ta i bruk ganske store areal til friluftsliv. Ofte manglar det berre litt skilting og ei lett marknadsføring av turforslag. Det bør også vere mogleg å få til vinterparkering som gir tilgang til terreng utan spesiell tilrettelegging.

Tingvoll og Sunndal kommune, friluftsrådet og Statens vegvesen har no fått utfordringa frå Naturvernforbundet. Problemstillinga er truleg den same i andre kommunar.

Forum for natur og friluftsliv har støtta rapporten økonomisk.